Bli med på friluftsskule i sommarferien

Klikk for stort bileteBarn i alderen 11–13 år kan no melde seg på friluftsskulen i Ulsteinvik 1.–5. juli! Dette er eit flott tilbod i regi av Sunnmøre friluftsråd. Det kostar 500 kroner å vere med. 

  
Gode opplevingar

På friluftsskulen er fokuset gode opplevingar ute, med aktivitetar som blant anna

  • bading
  • mat på bål
  • leik
  • spikking
  • taubruer
  • tur

Overnatting på Borgarøya

To av dagane blir på Osnessanden, ein dag på dagstur, og sist, men ikkje minst, veka blir avslutta med ein spennande overnattingstur til nydelege Borgarøya!

Utanom overnattingsturen er alle aktivitetane på dagtid frå ca. kl. 9 til 16.  

Venskap, leik og læring 

Erfaringa med friluftsskulane er at mange får seg nye vener og nye opplevingar ute i naturen.

Sjølv om det er mykje leik og moro, er læring også ein viktig del av innhaldet. Tema som kart og kompass, allmannsretten og sporlaus ferdsel høyrer sjølvsagt med.

Leiarane er erfarne friluftspedagogar, som har hatt ansvar for friluftsskulane i fleire år på oppdrag frå Sunnmøre friluftsråd.

Påmeldingsfrist 12. juni 

Det er framleis nokre ledige plassar på friluftsskulen i Ulsteinvik, siste frist for påmelding er 12. juni.

Meld deg på og bli med på ei spennande veke i friluft!

Klikk her for å finne meir detaljert informasjon og påmelding