Bli med å markere årets varmaste dag!

Bli med å markere årets varmaste dag!

Onsdag 23. november blir MOT til å glede-dagen arrangert over heile landet med eit mål for auget: Spreie glede! – Bli med, oppmodar MOT i Ulstein.

– Bli med å spreie ekstra mykje glede denne veka, oppmodar ungdommar og vaksne i MOT i Ulstein. Her er gjengen samla til planleggingsmøte for årets MOT til å glede-markering. Aase Ulstein, Ung MOTivator 9.klasse Ulstein ungdomsskule

MOT til å glede-dagen er ei ekstra bevisstgjering på å ha mot til å bry seg, og det blir gjennomført glede-aktivitetar på skular over heile landet.

Ulstein er ein MOT-kommune og markerer sjølvsagt MOT til å glede-dagen!

Betyr meir enn du trur!

MOT ynskjer å skape eit varmare og tryggare samfunn – der alle blir sett og inkludert. Vi har alle eit ansvar for å bidra til dette, så kvifor ikkje ta del i MOT til å glede-dagen, og gjere ein liten innsats? Det kan bety meir enn du trur!

–  Dagen i dag handlar om glede andre med enkle midlar. Eg vil utfordre alle til å glede nokon dei møter i dag. Seie hei til naboen, smil til alle på din veg, ta ein telefon til en ven du ikkje har sett på ei stund, besøk besteforeldre, fortel vener kvifor du set pris på dei eller kanskje gjere noko hyggeleg for en framand? Moglegheitene er uendelege, seier MOT-koordinator Marie Flatin i Ulstein kommune.

Årets markering med MOT i Ulstein

I Ulstein har markeringa alt starta ved MOT-klubben Bell Ungdomsklubb. Sist tysdag var første kveld med tema «MOT til å glede». Då for 7. klassingane i kommunen. Denne tysdagen er det same arrangement for 8.–10.klassingane, og neste tysdag blir det avslutta med 6.klassingane på besøk.

– Desse kveldane har vi ulike aktivitetar og konkurransar. Unge MOTivatorar er med og skapar god stemning og står for aktivitetane, fortel Marie.

Tidlegare i november vart ti nye elevar ved Ulstein ungdomsskule skulerte som «Ung MOTivator», som betyr at ungdommar frå både 10. og 9.trinn er klare for å vere med og spreie glede i Ulstein denne veka. Er du i sentrum onsdag ettermiddag kan det hende akkurat DU blir gleda av desse engasjerte ungdommane med mot til å bry seg!

– I tillegg besøker MOT alle 7. klassene i kommunen og med oss har vi Ulstein frivilligsentral, som har med seg gåve til klassene som vi håpar vil skape glede, held MOT-koordinatoren fram.

Gruppebilde unge MOTivatorar frå 9. trinn. - Klikk for stort bileteMøt dei nye «Ung MOTivator» frå 9.trinn ved Ulstein ungdomsskule. Denne kjekke gjengen var på skulering med MOT Norge tidlegare denne månaden, og er spenna klare for innsats for MOT i Ulstein. Marie Flatin

Signering med ny lokal MOT-ambassadør

På sjølvaste MOT til å glede-dagen signerer MOT i Ulstein ny ambassadøravtale. Kven som har takka ja til å vere med å bidra for MOT, blir kjent denne onsdagen. Personen er kjend for fleire og eit førebilete som person, og for sine prestasjonar. Signeringa skjer under markering av det nye uteområdet ved ungdomsklubben, Skollebakken aktivitetshus.

– Vi har ei markering etter oppdrageringa av uteområdet med parkour-park og gapahuk som har kome på plass i samarbeid med ungdom, og takka vere midlar frå Gjensidigestiftelsen. Vi ønsker å takke både dei og andre vi har fått støtte frå under denne markeringa, der ordførar og ungdomsråd står for «opninga», fortel Marie vidare.

Arrangementet ved Skollebakken onsdag ettermiddag er ope for alle. Det blir servert gratis mat og drikke, og det blir ein liten time med program/aktivitetar.

– Vi håper at mange vil dele denne doble markeringa saman med oss, seier MOT-koordinatoren, som også har rolle som ungdomsarbeidar og leiar ved Bell Ungdomsklubb.

Markering ved ungdomsskulen

Fredag morgon blir MOT til å glede markert ved ungdomsskulen. Tradisjonen tru blir elevar og tilsette møtt av det lokale MOT-laget med ekstra varme, og det blir ei samling i aulaen for heile skulen. Det blir mellom anna appell ved ungdom, og dei modige førebileta som har vorte kåra i haustens 10.klasser blir heidra. I tillegg blir dei nye unge motivatorane på 9.trinn presentert for medelevane, og det blir helsing frå MOT-ambassadør.

– Vi har alle eit ansvar for å skape eit trygt samfunn. Eg vil oppmode alle til å tenke litt utanfor boksen under årets MOT til å glede-markering. Kjenner du nokon som sit åleine og som ikkje har så stort nettverk rundt seg, så er det akkurat dei du skal hugse på. Ha litt ekstra fokus på å seie hei, gje eit smil, ein tommel opp og kanskje til og med ein klem til nokon som trenger det. Det kan krevje litt ekstra mot, men glede smitter og verdien til saman blir veldig stor. Dersom kvar og ein bidreg til å spreie litt glede, store som små, trur og håpar eg at vi saman klarer å skape eit varmare og meir inkluderande lokalsamfunn. Vi ser fram til ei veke med mykje glede, og håpar at du vil vere med å spreie glede akkurat der du er, avsluttar MOT-koordinator, Marie Flatin i Ulstein.

Kort informasjon om MOT Norge og MOT til å glede-dagen:

  • MOT til å glede-dagen har blitt arrangert sidan 2004.
  • Over 75.000 elever har MOT på skulen.
  • MOT styrkar ungdoms robustheit og mot gjennom livsmeistringsprogram i skulen.
  • Undersøkingar viser at MOT på skulen bidreg til: mindre hyppig mobbing, færre ungdom utan ein einaste ven, mindre psykiske vanskar og mindre hyppig rusmisbruk

Kontakt

Marie Flatin
ungdomsarbeidar/MOT-koordinator- og coach
E-post
Mobil 91 36 38 18