Bjørndalvegen stengt for gjennomkøyring frå 18. mai

Bjørndalvegen stengt for gjennomkøyring frå 18. mai

Kart over området som vert påverka. - Klikk for stort bileteAlle vil få tilkomst, også for varelevering, og vi sperrar av eit område for snuplass ved gravepunkt. Det vert skilta omkøyring.

Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.

På grunn av heilt nødvendig anleggsarbeid med vassleidning og gatenivå, må vi stenge Bjørndalvegen for gjennomkøyring frå måndag 18. mai.

Alle vil få tilkomst, også for varelevering, og vi sperrar av eit området for snuplass ved gravepunkt.

Tilkomsten til gata vert via rundkøyringa ved Amfi, anna enn for området bak Blåhuset.

Omkøyring vert skilta. Arbeidet er planlagt utført på dag- og kveldstid, og det vil vare i om lag ein månad.