Biskopen på besøk i Ulstein

Klikk for stort bileteBiskopen fekk lære om MOT-arbeidet frå engasjerte elevar ved Ulstein ungdomsskule. Bjørn Losvik, Ulstein sokn Biskop Ingeborg Midttømme er for tida på besøk i Ulstein og blir kjent med mange sider ved lokalsamfunnet. 

Biskopen i Møre bispedømme er denne og førre veka på såkalla visitas i Ulstein. 

Treff med MOT-engasjerte på Ulstein ungdomsskule, ope møte med lærarar, samtalar med kommuneleiinga, sjukeheimsandakt og skulegudsteneste er noko av det som involverer kommunen under besøket. 

Ulstein sokn har sett saman eit breitt program, og biskopen får med seg både bedrifts- og barnehagebesøk.