Biblioteket er råka av dataangrep

Biblioteket er råka av dataangrep

Per Eide Ulstein bibliotek på Arena Ulstein har ope, men må gjere alle utlån manuelt.

Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.

Hendingsrapport 24.06.2021 kl. 17:
Om lag halvparten av biblioteka i landet er råka av dataangrep. Hackarane har låst alle dataene og krev løysepengar for å gi tilgang.

Det er firmaet Axiell Norge AS som har hatt innbrot. Desse leverer datatenester til bibliotek i Noreg, Sverige og Finland. Det kjem ikkje på tale å betale løysepengar, meldar administrerande direktør i Axiell Norge til Romsdal Budstikke via Sunnmørsposten.

Ingen persondata er på avvege og selskapet har kopiar av alle system.

Ulstein bibliotek er eit av biblioteka som er råka. Det betyr at utlånssystemet er nede, slik at alle utlån må registrerast manuelt. - Dersom du har lånekort kan du bruke automatane, elles skriv vi manuelt opp lånenummer og namn og legg det inn seinare. Ein kan ikkje søke i katalogen, fornye og bruke katalogen på den måten så lenge datasystemet er nede, seier Britt Opsahl Myrene ved biblioteket. 

Biblioteket har ope som normalt.

Ulstein bibliotek