Besøk av finansministeren på Ulstein ungdomsskule

Besøk av finansministeren på Ulstein ungdomsskule

I dag har flinke elevar vist finansminister Siv Jensen litt av det dei har lært gjennom Teknologiskulen. 

 
Ivrige elevar imponerte Siv Jensen

Elevar frå andre, tredje, femte og sjuande trinn hadde tatt turen til ungdomsskulen for å vise fram noko av det dei har jobba med gjennom Teknologiskulen. Her fekk finansministeren eit innblikk i både nettsideproduksjon, Minecraft og ulike teknologiske verktøy som Osmo, Blue Bots og LegoVideo. Elevane var ivrige og flinke til å vise fram det dei har lært, og Siv Jensen var nysgjerrig og engansjert i det dei hadde å fortelle. 

 

Finansministeren fekk også prøve

Elevar frå ungdomsskulen viste også fram det dei har jobba med, og her fekk Siv Jensen blant anna sjå ein 3D-printa robot, spel som elevane hadde programmert sjølve og ho fekk prøve VR-briller. Finansministeren var tydeleg imponert over det elevane har fått til! Til slutt fekk finansministeren prøve å fjernstyre Bolt-ballar frå eit nettbrett. Elevane hadde laga klart ei bane på golvet, og det var ikkje berre enkelt å følge merka på golvet. 

 

Først ut i Noreg

Ulstein er den første kommunen i landet der alle elevane lærer å programmere. Kommunen og Høgskulen i Volda har saman skapt Ulsteinmodellen, der alle lærarane i kommunen får vidareutdanning i bruk av digitale verktøy og ressursar i undervisninga. Møre og Romsdal fylkeskommune har gitt viktig støtte til teknologisatsinga. Organisasjonen Lær Kidsa Koding har elles vore ein viktig medspelar.

 

Nominert til nasjonal innovasjonpris

Tidlegare i år vart Ulstein kommune nominert til den nasjonale Innovasjonsprisen som Kommunal- og moderniseringsdepartementet deler ut. 

Teknologiskulen var trekt spesielt fram i søknaden frå Ulstein til Innovasjonsprisen. Sjå filmen som er laga fordi vi vart nominerte