Ber fylket halde på turveg Haddal–Eiksund og oppgradert Selvåg-tunell


Klikk for stort bilete Svein Arne Orvik Ordførar Knut Erik Engh ber fylkespolitikarane halde fast på å bygge turveg mellom Haddal og Eiksund og oppgradere Selvågtunellen med bompengar som vart til overs frå Eiksundsambandet.

Dei folkevalde i fylkeskommunen gjekk samrøystes inn for turvegen og tunelloppgraderinga i september 2019. No har administrasjonen i fylkeskommunen sett saka opp til ny behandling.

Det reagerer Ulstein-ordførar Knut Erik Engh kraftig på. I eit brev til fylkeskommunen oppmodar Engh dei folkevalde sterkt om å halde fast på vedtaka dei gjorde i haust. 

"Eg reagerer også på at ein prøver å framstille saka som at dette ikkje har noko å verdi for trafikantane. Bakgrunnen for initiativet om å bygge turveg mellom Indre Haddal og Selvågtunellen var å sikre dei mjuke trafikantane", skriv ordføraren i brevet. 

Onsdag 5. februar har samferdselsutvalet i fylket møte. Les brevet ordføraren har sendt: 

  

Til Møre og Romsdal fylkeskommune

Vedkomande disponering av overskytande midlar frå Eiksundsambandet – uttale til samferdselsutvalet den 5. februar 2020 

Eg viser til sak SA-7/20 Disponering av overskytande midlar frå Eiksundsambandet, og vil med dette sterkt oppmode samferdselsutvalet og fylkesutvalet om å halde på vedtaka av 04.09.2019 og 24.09.2019.

Eg reagerer sterkt på at administrasjonen i denne saka legg opp til å ta ein omkamp på eit vedtak som har vore samrøystes vedteke i både samferdselsutvalet og fylkesutvalet. Dette bør dei folkevalde ikkje tolerere. At ein nyttar Vegdirektoratet som alibi gjer ikkje saka betre. 

Eg reagerer også på at ein prøver å framstille saka som at dette ikkje har noko å verdi for trafikantane. Bakgrunnen for initiativet om å bygge turveg mellom Indre Haddal og Selvågtunellen var å sikre dei mjuke trafikantane. Dette er ei godt trafikkert strekning med ein ÅDT på om lag 3100 bilar (tal frå Eiksundsambandet 2018). Strekninga har ei fartsgrense på 80 km/t, er fullstendig mørk utan gatelys, og er i tillegg den er einaste vegen som knyter bygdene Eiksund og Haddal saman. Eiksund og Haddal er ein felles skulekrins med felles aktivitetstilbod for born og unge. Det har difor lenge vore ei kampsak for innbyggarane i Haddal og Eiksund å få på plass ei gangvegforbindelse her. Det primære behovet er difor trafikktrygging og ikkje turveg for folkehelsa sin del slik ein kan få inntrykk av i saksframlegget. 

Når kommunen la fram forslaget om å bygge turveg så var det fordi ein ser det som einaste realistiske alternativet for å få på plass ein gangveg som kan få dei mjuke trafikkantane vekk frå vegbana. Dersom det skal byggast ein gang og sykkelveg etter Statens vegvesen sine vegnormalar vil prosjektet verte så dyrt at det er urealistisk å nokon gong få det realisert. Ein turveg vil gjere same nytta som ein 10 gonger så dyr gang og sykkelveg. Om vegen er er kommunal, fylkeskommunal eller statleg eigd burde vere uvesentleg, men dersom eigarskapet er viktig så får heller fylkeskommunen eige vegen og kommunen vedlikehalde. 

Då Eiksundsambandet vart planlagd og prosjektert vart det diskutert kor vidt ein burde krevje fleire tiltak til trafikktryggingstiltak på Ulstein-sida av sambandet. Etter det eg har blitt fortalt avstod ein frå slike krav då ein var redd slike ekstrakostnader kunne truge prosjeket. Det vart difor ikkje utført andre tiltak enn å bygge ei enkel gangbru for å knyte Havåg og Selvåg saman med resten av Eiksund. Til samanlikning vart det prioritert å auke prosjektkostnaden med 15 millionar for å bygge bru/tunell for viltkryssing i Furene. Selvågtunellen vart heller ikkje utbetra, og har difor ein langt dårlegare teknisk standard enn både Eiksund-, Helgehorn- og Morkåstunellane.

Vidare er det grunn til å spørje seg om kven som skal definere kva som er innanfor eller utanfor ei bompengeavtale? Denne avtalen burde forrresten ligge ved som eit vedlegg slik at dei folkevalde kunne gjere ei sjølvstendig vurdering på innhaldet. 

Kvifor tilrådde til dømes vegadministrasjonen i 2014 å nytte overskytande bompengar frå KRIFAST til å betale for planarbeidet for RV70 Tingvoll – Meisingset? Var dette i tråd med prinsippet i bompengeavtalen som dei viser til i den saka? Kom dette bilistane på KRIFAST-strekninga til gode? Mine geografikunnskapar tilseier at denne strekninga ligg eit stykke unna KRIFAST sambandet, sjølv om ein med litt godvilje kan seie at det er i «området pengane er innkrevd». Det passa i alle fall godt inn i behovet som administrasjonen sjølv hadde, og som dei folkevalde også såg var viktig. Difor vart det nytta eit skjøn som løyste den saka.

Eg gjer også merksam på at det i Rogaland nytta bompengar til å bygge turvegar på Nord-Jæren. Sjå lenke https://www.aftenbladet.no/lokalt/i/RoJKa/bompenger-ga-turvei. Kva haldning hadde vegadministrasjonen og Vegdirektoratet til dette? 

Ein kan også vise til dei mykje omtalte bypakkane som inneheld både kollektivløysingar og andre tiltak som ikkje direkte kjem bilistane til gode, men som vert finansiert av bompengar. Kvifor er det greitt i bypakkane, men ikkje i Haddal/ Eiksund? Det framstår som heilt ufatteleg og nærast som ein dårleg spøk. 

Omkampar av denne typen burde ein halde seg for god til, særleg når vedtaka har vore samrøystes. Eg forventar difor at våre folkevalde vil stå fast på vedtaket og «sette skapet på plass». 

Eg ber om at dette brevet vert lagt ved saka som eit vedlegg før handsaminga slik at dei folkevalde er kjende med innhaldet. 

 

Med vennleg helsing

Knut Erik Engh
ordførar