Bassengtrening for gravide

Klikk for stort bilete John Frode Kvam

Saman med Hareid kommune inviterer vi til bassengtrening for gravide. Det kostar ikkje ei krone, men hugs å melde ifrå om at du deltek! 
 

Tilbodet er felles for gravide i Hareid og Ulstein. 

 

Kvar og når?

Tid: kvar mandag kl. 15–16, oppstart 26. august 
Stad: terapibadet på Ulstein Arena
Instruktør: Silje Kiperberg Aksnes, kommunefysioterapeut 

Tilbodet er gratis, men ein må melde seg på på førehand. 

 

Påmelding

Send e-post til silje.kiperberg.aksnes@hareid.kommune.no eller ring / send sms til tlf. 958 91 289. 

 

Kvifor vere med? 

Kvinner som er fysisk aktive i svangerskapet, opplever enklare svangerskap og fødslar, har betre sjølvkjensle, legg mindre på seg og har færre komplikasjonar enn kvinner som ikkje er fysisk aktive under graviditeten. 

Bassengtreninga kan vere ein treningsmetode som passar for mange. Her får ein trene utan å ha stor belastning på ledda. Treninga passar også for ein del av dei med bekkenplager. Fokuset vil vere ein kombinasjon av styrke og uthald – og nokre puste- og avspenningsøvingar. 

Ta gjerne kontakt med instruktøren om du lurer på noko – sjå kontaktinformasjonen over. 

Velkomen!