Barnehageopptak 2021/2022

barn, småbarn, barnehage - Klikk for stort bilete pixabay.com
No er det tid for å søkje om barnehageplass for barnehageåret 2021/2022. Søknadsfristen er 1. mars. 

 

Hovudopptaket har søknadsfrist 1. mars.

No er det tid for å søkje om barnehageplass for barnehageåret 2021/2022. Hovudopptaket, både til dei kommunale og dei private barnehagane, skjer samla – i eit felles søknadsskjema. Fristen er 1. mars 2021. 

 

Kven har rett til plass?

Barn som er fødde innan 30. november 2020 og som er busette i kommunen har, etter søknad, rett til plass ved hovudopptaket. Sjå den enkelte barnehage sine vedtekter for informasjon om opptak m.m. 

Barn som fyller 1 år i september, oktober eller november har rett til å starte i barnehage den månaden dei fyller 1 år, utan krav om foreldrebetaling frå august.


Kven kan søkje?

  • nye søkjarar
  • alle som ynskjer endring av plass i barnehage eller overflytting til ein annan barnehage


Korleis søkje?

Her er søknadsskjemaet for barnehageplass.

Søknadsskjemaet krev at du loggar inn med ID-porten (MinID, bankID, buypassID m.a.) Dersom du ikkje har ID-porten, eller er folkeregistrert i ein anna kommune, må du ta kontakt med sørvistorget på tlf. 70 01 75 00 mellom kl. 9 og 15 på kvardagar.



Er det andre ting du lurer på om barnehage? Les meir her.