Aukande smitte i Ulstein

korona, koronavirus, koronatesting, corona - Klikk for stort bilete Svein Arne Orvik Det er auke i koronatilfelle i Ulstein, som elles i landet. Det er no mest smitte blant uvaksinerte born. Vi oppmodar om at alle er ekstra nøye med å følge smittevernreglane, og at du er snar med å teste deg om du får symptom.

Hardast råka når det gjeld smitte i vår kommune var først fjerdetrinnet ved Ulsteinvik barneskule - og dei siste dagane tredjetrinnet. Det viser seg at nær familie vert lett smitta, også fullvaksinerte.

Kommuneoverlegen minner om at det no er viktig at alle innbyggarane er ekstra nøye med å følge smittevernreglane. 

- Viktigast no er at alle som får nyoppstått sjukdom som sår hals, hoste, tett nase eller feber, isolerer seg heime og testar seg, seier kommuneoverlege Kommuneoverlege Norunn Kirkebø Elde Svein Arne Orvik Norunn Kirkebø Elde.

Hurtigtestar får du ved å rette deg til helsestasjonen. Du får også testar i garasjen ved legesenteret, kvardagar klokka 11.00.

- Viss hurtigtesten er positiv er det viktig å isolere seg sjølv og husstanden sin, seier Kirkebø Elde.

Ta også kontakt med legesenteret for PCR-test første kvardag etter positiv hurtigtest. Vi rår alle husstandsmedlemmer til å teste seg.

 

Eige testopplegg

Når det gjeld tredjetrinnet ved Ulsteinvik barneskule vert det no organisert eit eige testopplegg. Alle vil få med seg fem testar heim i første omgang. Det vert rådd til at elevar som ikkje testa seg torsdag etter skule, gjer det i dag, fredag, når dei kjem heim.

Vidare testing vert måndag og onsdag i neste veke - før skule. 

I tillegg bør elevane også teste seg i helga, viss dei skal ta del i ein aktivitet utanom heimen. 

- Det er viktig at alle, og spesielt elevar på tredje- og fjerdetrinn, er på vakt dei næraste ti dagane og vert heime og testar seg om dei vert sjuke.

Til no er det ingen i Ulstein kommune som har vorte så alvorleg sjuke at dei har vorte innlagt på sjukehus i denne siste smitterunda. 

- Vi bed alle om å gjere sitt beste for å hindre vidare spreiing, oppmodar kommuneoverlegen.