Asfaltering av fylkesveg på Skeide

Klikk for stort bilete Odd Kåre Wiik   Trafikkregulering med veglys og sperring av fortau på Skeide er snart saga blott!

Teknisk etat, ved Odd Kåre Wiik, melder at Ulstein Entreprenør AS held på med asfaltering på del av fylkesveg og nytt fortau på Skeide.

Noverande trafikkregulering med veglys og sperring av fortau vert teke ned tysdag ettermiddag, og dermed opna for trafikantar.

God og trafikktryggare sommar.

Kontakt

Odd Kåre Wiik
avd. leiar drift og anlegg
E-post
Telefon 70 01 76 14
Mobil 916 16 381