Årets modige førebilete

Årets modige førebilete

Modige førebilete ved Ulstein ungdomsskule: Amanda Osnes Låbakk, Viktoria Haddal, Jonetta Sundgot Aarland, Amalie Flø og Håvard Dimmen. Dei fem ungdommane fekk dei gode tilbakemeldingane frå medelevar i ramme og kvar sin MOT-sekk. Marie Flatin
Inkluderande, oppmuntrande, hjelpsame og står for eigne meiningar. Dette er noko av det som skildrar årets modige førebilete ved Ulstein ungdomsskule.

Kvart år blir det kåra «modige førebilete» ved Ulstein ungdomsskule. Dette er i samband med det haldningsskapande MOT-arbeidet i Ulstein kommune. Vanlegvis skjer kåringa på 9. trinn om våren, men på grunn av COVID-19 vart dette utsett til i haust.

– Det aktuelle MOT-besøket der elevane stemmer på kven dei meiner er eit modig førebilete, handlar om kva som kjenneteiknar eit godt førebilete. I nokre klasser var det eit soleklart fleirtal for ein elev, medan det i andre klasser var fleire som fekk mange stemmer. Det viktige er at ungdommane er bevisste på kva slags verdiar som kan gjere oss alle til modige førebilete, seier MOT-koordinator og ungdomsarbeidar Marie Flatin i Ulstein. 

Audmjuke prisvinnarar

Det er fem 10. klasser ved skulen, og dei fem som fekk flest stemmer frå sine medelevar var Amanda Osnes Låbakk (10 A), Viktoria Haddal (10 B), Jonetta Sundgot Aarland (10 C), Amalie Flø (10 D) og Håvard Dimmen (10 E). 

Dei fem ungdommane samstemmer: – Det er kjekt å få ein slik pris og få dei gode tilbakemeldingane frå medelevane.

Dei vart rørte og synest det er veldig oppmuntrande å få ros for å bry seg om dei rundt seg. MOT-besøka og spesielt denne kåringa meiner dei gjer at ungdom som dei sjølve blir meir bevisste på å vere gode førebilete for andre.

Kontakt

Marie Flatin
ungdomsarbeidar/MOT-koordinator- og coach
E-post
Mobil 91 36 38 18