Almejordet og Sundgotmarka barnehage treng tilkallingsvikarar

leik i barnehagen - Klikk for stort bilete Omar Medina Films frå Pixabay

 

Meistring, vennskap og sjølvtillit skapar glede, og glade barn lærer betre. No treng vi tillkallingsvikarar, både fagarbeidarar og assistentar, i barnehagane våre. Søknadsfrist: 31.05.2021.

Vil du vere med å bidra til at barn får leike, le, kommunisere, bli møkkete, klatre, falle og reise seg opp igjen? Kort sagt å vere barn, saman med andre barn og trygge vaksne. 

Vi søkjer deg som har barnet i fokus og som kan legge til rette for god leik, som er opptatt av barns utvikling og trivsel.

Vi treng både fagarbeidarar og assistentar til alle avdelingar i begge barnehagane. Er du den vi er på jakt etter? Søk då vel!

Stillingsannonse og søknadsskjema er her.

Kontakt

Cato Hansrud
personalkonsulent
E-post
Telefon 70 01 75 17