85 prosent fleire i Ulstein røysta på førehand

Nær 500 røysta på Ulstein bibliotek på tre dagar.

 
1164 Ulstein-veljarar har førehandsrøysta ved årets kommunestyre- og fylkestingsval. Ved lokalvalet i 2015 var talet 630. Auken er på 84,8 prosent.

I landet totalt har førehandsrøystinga auka med 49,6 prosent frå 2015 til 2019. Det viser tal frå Valdirektoratet.

17,8 prosent av dei med røysterett i Ulstein har i år førehandsrøysta. Den samla prosentdelen i landet er 20,8.

Det er venta at kommunen i tillegg vil få nokre førehandsrøyster i posten over helga.

Topp siste veka

787 Ulstein-veljarar røysta på biblioteket på Ulstein Arena i løpet av dei to vekene det gjekk an. 491 røysta dei siste tre dagane (4.–6. september).

2019 er det første året røystinga har vore flytta frå rådhuset til Ulstein Arena den siste delen av førehandsrøysteperioden.

Auke frå val til val

Talet på førehandsrøyster ved kommunestyre- og fylkestingsvala har utvikla seg slik i Ulstein:

  • 2007: 434
  • 2011: 575
  • 2015: 630
  • 2019: 1164

Ved stortingsvala har talet på førehandsrøyster vore høgare. 1248 førehandsrøysta i 2017, opp frå 1018 ved stortingsvalet i 2013.