5.–10. trinn tilbake på skulen – slik blir veke 20

Ulstein ungdomsskule - Klikk for stort bileteUlstein ungdomsskule Jaro Hollan / Slyngstad Aamlid Arkitekter AS I løpet av veke 20 kan vi endeleg ønske 5.–10. klassingane velkomne tilbake på skulen. Her kan du lese meir om rammene som så langt er lagde for veka. 

  
Vi har gode erfaringar frå oppstarten til 1.–4. trinn, og dei tilsette i skulane ser fram til å ta imot dei eldre elevane igjen. 

 

Barneskulane i veke 20

 

1.–4. trinn 

  • Elevane møter på skulen heile veka (inga endring). 

 

5.–7. trinn 

 

Ungdomsskulen i veke 20

 

Ungdomsskuleelevane møter på skulen ulike dagar. Nokre dagar er det altså framleis heimeskule. Slik får vi til ein god overgang til den nye skulekvardagen for alle elevane. 

 

8. trinn

  • Måndag 11. mai: fri (planleggingsdag) 

  • Tysdag 12.–onsdag 13. mai: heimeskule 

  • Torsdag 14.–fredag 15. mai: møter på skulen 

 

9. trinn

  • Måndag 11. mai: fri (planleggingsdag) 

  • Tysdag 12. mai: heimeskule 

  • Onsdag 13.–torsdag 14. mai: møter på skulen 

  • Fredag 15. mai: heimeskule 

 

10. trinn

  • Måndag 11. mai: fri (planleggingsdag)

  • Tysdag 12.–onsdag 13. mai: møter på skulen 

  • Torsdag 14. mai: heimeskule 

  • Fredag 15. mai: møter på skulen 

 

Nærmare informasjon

Det kan kome endringar i rammene som er presenterte ovanfor. Elevane og dei føresette vil få nærmare beskjed om klokkeslett og annan informasjon direkte frå skulane sine.  

 

Rettleiarar for smittevern 

Vi følger rettleiarane frå Utdanningsdirektoratet for å sikre godt smittevern på skulane: