3183 personar har førehandsrøysta

3183 personar har førehandsrøysta

Førehandsrøysting på Ulsteinbibliotek. Janne-Marit Myklebust Nesten 50% av innbyggjarane i Ulstein har førehandsrøysta.

Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.

Om lag 48,5 prosent av innbyggjarane i Ulstein har valt å førehandsrøyste før årets stortingsval som går av stabelen måndag 13. september. Aldri før har så mange førehandsrøysta i Ulstein, og i landet generelt.  (Opningstider for sjølve valdagen finn du nedst i artikkelen.)

Totalt har røystemottakarane i Ulstein teke imot 3183 røyster sidan 1. juli i år - og til dørene stengde på biblioteket klokka 16, fredag 10. september. Av alle som har røysta i Ulstein, er 2898 av dei innbyggjarar i Ulstein. Fleire hundre røyster er sendt ut til andre kommunar for oppteljing.

5970 personar har røysterett i Ulstein, og vi håper at dei resterande 3072 vel å røyste på valdagen. Vi ventar også fleire røyster som kjem i posten over helga, frå ulsteinarar som har røysta i andre kommunar.

Stort takk til alle som har røysta, og på den måten har vore med på å sikre eit smittevennleg val.

Stor takk til alle som kjem for å røyste valdagen (sjå opningstider nedst i artikkelen). 

Det er eit privilegium å ha røysterett!

Ekstra stor takk til røystemottakarane våre og røystestyra som gjer ein kjempejobb. 

Ein ekstra takk til dei ni bibliotekvennene Oddny, Ottar, Liv, Eldrid, Susanne, Anne Karin, Nora, Hallgerd og Magne som har bidrege stort som røystemottakarar i førehandsrøysteperioden.

Godt val!

Janne-Marit Myklebust