Fakta om Stikk UT!:
Stikk UT! er ein turtrim der du kan registrere dei turane som er plukka ut til å vere turmål denne sesongen. Det er gratis å delta. Du lastar ned appen og opprettar ein brukar, så registrerer du koden som du finn på kvart turmål. Går du meir enn sju turar kan du kjøpe deg din eigen Stikk UT! premie. Sesongen varer fra 1. mai til 31. oktober.
Her finn du årets turmål i Ulstein
Turar i kategorien middels: Mosvatnet, Breidfjellet frå Ulsteindalen, Roppehornet, Løkeberget, Garnestua - Flåna, Eiksundsætra og Blåtinden frå Eiksund.
Turar i kategorien enkel: Breifjellet frå Hovsetmarka, Fløstranda/Larsstien, Hasundhornet - turvegen frå Bulegene, Nibben, Sundet, Røyrafjellet og Høgåsen frå Kleven.
Oversikt over alle turmåla
Nettsida til Stikk UT!: www.stikkut.no
Stort engasjement
– Mange har nok store forventningar til årets sesong, spesielt håpar nok mange på betre vêr og fleire fine turdagar enn i fjor, seier Liv Synnøve Hoel i Friluftsrådet Nordmøre og Romsdal, som er prosjektleiar for Stikk UT!.
– Engasjementet rundt Stikk UT! er enormt og vi er veldig stolte av at regionen vår tronar øvst i landet når det gjeld å gå på tur. At så mange registrerer turane dei går, gjer at vi kan satse endå meir på å gjere gode turopplevingar tilgjengeleg for fleire, seier Hilde Ellingsæter i Sunnmøre friluftsråd, som er ansvarleg for Stikk UT! på Sunnmøre.
I årets kartbrosjyre, som i desse dager kjem i postkassene til innbyggarane i regionen, inviterer friluftsråda alle med på ut på tur.
- Vi oppfordrar alle til å nyte turlivet litt ekstra denne sesongen; enten det er å gå på tur saman med nokon, nyte ein god matpakke på turen, lytte til fuglesang eller ta eit bad i eit fjellvatn. Gode møte mellom menneske og naturen fremmar helse og livskvalitet og vi trur at dess meir folk kosar seg på tur dess meir lyst får dei også til å gjere ein innsats for å ta vare på dei verdifulle områda vi ferdast i, seier Liv Synnøve Hoel.