Politisk struktur i Ulstein

Bakgrunn:
Ulstein kommune har hatt hovudutvalsmodellen som politisk struktur frå 1980.
Siste versjon av politisk struktur var vedteken i kommunestyret den 23.09.1999.
I 2002 vart det nedsett eit utval til å vurdere den politiske strukturen. Kommunestyret vedtok at Ulstein framleis skulle ha hovudutvalsmodellen og 25 representantar i kommunestyret. Utvalet sitt arbeidet vart avslutta der, og nærare evaluering vart dermed ei oppgåve for det nye kommunestyet.
Gruppa sitt mandat og samansetning:
Politisk leiargruppe bestemte i møte den 25.11.2005 at Ulstein kommune straks må starte ein prosess/utgreiing av politisk struktur.
Den 13.12.2005 gjorde Formannskapet vedtak i sak 05/0137 om å sette ned ei styringsgruppe og ei prosjektgruppe til å arbeide med evaluering av den politiske strukturen i Ulstein kommune:
- Ulstein formannskap startar arbeidet med evaluering av politisk struktur i Ulstein.
- Formannskapet er styringsgruppe for arbeidet med ordføraren som leiar.
- Prosjektgruppe er formannskapet utvida med det partiet som ikkje er representert i formannskapet.
- Styringsgruppa lagar eit arbeidsutkast med framlegg til mandat, der også tidspunkt for gjennomføring og iverksetjing er teke med. Dette framlegget blir lagt fram for kommunestyret innan 01. mars 2006.
- Styringsgruppa peiker ut arbeidsgrupper etter behov.
- Sekretær for arbeidet er politisk sekretariat.
- Rådmannen si leiargruppe får orientering om arbeidet, og kan få rolle som referansegruppe.
Endeleg vedtak:
Saka vart lagt fram for formannskapet den 21.11.2006 og vart endeleg handsama i kommunestyret den 30.11.2006 med følgjande vedtak:
- Ulstein kommunestyre vedtek at det skal vere 25 representantar i kommunestyret for valperioden 2007 – 2011.
- Gjennomgåande representasjon er ønskjeleg, men vert å tilpasse praktisk i samråd med partigruppene/gruppeleiar.
- Hovudutvalsmodellen vert vidareført som hovudstruktur, med ei tilpassing til endringane f.o.m. neste valperiode.
- Teknisk utval vert vidareført som no f.o.m. neste valperiode.
- HSO-utvalet vert slått saman med OPK-utvalet til eit nytt ”Levekårsutval” med 9 medlemmar f.o.m. neste valperiode.
- Klientutvalet vert lagt ned. Oppgåvene vert overført til Levekårsutvalet.
- Rådet for funksjonshemma vert slege saman med Eldrerådet for valperioden 2007 – 2011 ( jf. skriv) som ei prøveordning.
- Administrasjonsutvalet og arbeidsmiljøutvalet vert slått saman f.o.m. neste valperiode.
- Forhandlingsutvalet vert lagt ned, og oppgåvene vert delegert til rådmannen. Formannskapet skal framleis føre lønnsforhandlingane for rådmannen og hans leiargruppe f.o.m. neste valperiode.
- Politisk sekretariat vert vidareført i samsvar i samsvar med kommunestyrevedtak i sak 05/0078 – pkt. 1.
- Ulstein kommunestyre gir ordføraren mynde til å førebu saker og gjere vedtak etter fullmakt, jf. § 9 i KL f.o.m. 01.01.2007. Ordføraren sitt mynde vert fastsett i særskilt delegasjonsvedtak.
- Ulstein kommunestyre ber det utvida Formannskapet (prosjektgruppa) å tilpasse vedtekne endringar i hefte ”Kommunal organisering – politisk struktur” sist justert 1999. Samstundes vert arbeide med ”Delegasjons reglementet” og reglement for ”Arbeidsvilkåra for folkevalde i Ulstein kommune” starta opp og lagt fram for kommunestyre juni 2007.
- Evaluerast innan førebuingane til neste valperiode 2011.