Gå til hovedinnhold
Hovudside > Skip Navigation LinksTenesteområde > NAV Gå til hovedinnhold
Temaelement 

NAV

¤EPII_TITLE¤

NAV Ulstein vart etablert 17. september 2007, og er eit av dei første NAV-kontora i Møre og Romsdal. NAV står for Ny arbeids- og velferdsforvaltning og inneber at brukarane av arbeids- og velferdstenester kan forhalde seg til eitt kontor i kommunen. NAV skal bidra til brei deltaking i arbeid og samfunn og til økonomisk tryggleik for den einskilde. For å få dette til må vi ha eit nært samspel med brukaren, arbeidslivet og kommunen. NAV skal ha ekstra fokus på menneske med spesielle behov i høve til arbeidsmarknaden og alle andre som har ein utfordrande livssituasjon. Gjennom samanslåinga av trygdekontoret, sosialtenesta og arbeidsmarknadsetaten kan NAV bruke heile tenestespekteret til dei gamle etatane og sjå verkemidla i samanheng mot den einskilde brukar.

Hovedmåla for NAV er:

  • Fleire i arbeid og aktivitet, færre på stønad
  • Ein velfungerande arbeidsmarknad
  • Rett teneste og stønad til rett tid
  • God service tilpassa brukaren sine mulegheiter og behov
  • Ei heilheitleg og effektiv arbeids- og velferdsforvaltning

NAV Ulstein kan tilby desse tenestene:

  • Råd og rettleiing om sosialtenester, arbeidsmarknadstenester, trygdeytingar og pensjon
  • Kompetansekartlegging, arbeidsevnevurdering, rettleiing og oppfylgjing av arbeidssøkjarar
  • Oppfylgjing av og bistand til sjukmelde arbeidstakarar
  • Råd og rettleiing til arbeidsgjevarar vedkomande rekruttering og arbeidsformidling
  • Rettleiing og hjelp til å fylle ut søknadsskjema
  • Råd og rettleiing ved økonomisk sosialhjelp og gjeldsrådgjeving
  • Bustønad, transportstønad (TT-kort) og parkeringsbevis for rørslehemma
  • Støttekontakt, besøksheim og avlastningstiltak
  • Edruskapsvern og ambulerande miljøterapiteneste
  • Utekontakt og ungdomsteam

På våre nettsider www.nav.no kan du:

  • Logge deg inn på Din side
  • Finne ledige jobbar
  • Registrere deg som arbeidssøkjar
  • Sende elektronisk meldekort
  • Finne din fastlege
  • Bestille europeisk helsetrygdekort
  • Bestille pensjonsberekning
  • Finne lover og reglar

Leiar: Anne Karin Urke Osnes
E-post Anne.Karin.Osnes@nav.no

Vår besøksadresse er: Sjøgt. 5

Postadresse: NAV Ulstein, postboks 113, 6067 Ulsteinvik

Tlf: 70 32 10 00

E-post: nav.ulstein@nav.no

Internett: www.nav.no

Opningstider:

Mandag-fredag: kl 1000 - 1500

Telefontid: 1000 - 1500

Velkomen til NAV Ulstein!

Tema - info 
Marit Aarsheim Steinnes 30.11.2009 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Tema - rediger