Lag og organisasjonar i Ulstein
Ulsteinbygdene har vore kjent for å ha eit levande organisasjonsliv. Spesielt har song og musikk stått sterkt. Fleire kor og korps har lange og gode tradisjonar, og for den som er glad i å spele og synge er der mange aktivitetar å velje mellom.
Dei siste tiåra har også idretten, og då i særleg grad fotball, vore kjent for mange gode idrettsprestasjonar. Spesielt har fotballaget Hødd blitt framstilt som "klubben som lagar fotballspelarar av gråstein". Hødd har rekruttert mange spelarar både til landslag og internasjonale toppklubbar.Du kan finne alle organisasjonane i Ulstein kommune her. Dei er gruppert under kvart sitt menypunkt til høgre. Saknar du ditt lag i oversikta eller noko er feil, kan du sende ein epost til annika.brandal@ulstein.kommune.no med opplysningar om laget.
|
|
|
|