Bustad eigedom og teknisk
Teknisk sektor har kontor på rådhuset i Ulsteinvik sentrum. Vi produserer tenester innanfor veg, vatn, avløp, byggjesaker, kart og oppmåling. Vidare har vi ansvar for arealplanlegging, natur- og miljøforvalting, kommunale eigedomar, bustadtomter og næringsareal. Sektoren er også ansvarleg for brann- og ulykkesvernet i kommunen. Dei mange virkeområda gjer at vi har svært mykje kontakt med innbyggarane i mange samanhengar.
Teknisk vakt: Utanom kontortid kan du nå teknisk vakt på mobiltelefon: 91 11 42 42
Ulstein kommune si eigedomsmasse er organisert i eit eige kommunalt føretak :
Ulstein eigedomsselskap KF (UEKF)
Sjå i venstremenyen for meir informasjon.