Om kommunen
Ulstein kommune ligg i Møre og Romsdal.
Storleik: 97 km2 .
Innbyggarar: 7974 (pr. 01.04.2013).
Fordelinga av menn og kvinner er om lag likt, med ei lita overvekt av menn. Aldersgruppa 20-40 år er i majoritet med 2050 personar.
Ulsteinvik har om lag 5 000 innbyggarar og er kommune- og regionsenter. Ulsteinvik fekk bystatus 1. juli 2000.
21.05.2012 vart Ulsteinvik tildelt Staten sin pris for mest attraktiv stad i landet. Les meir om prisen og juryen si grunngjeving her

Meir data om Ulstein kommune finn du på SSB
I menyen til høgre finn du informasjon om tilbod i kommunen. Du finn også lenker til dei ulike transporttilboda i distriktet.
Ulstein har gode kommunikasjonar med 10 minutt reisetid frå Ulsteinvik til alle krinsane i kommunen og til nabokommunen Hareid.
På 30 - 40 minutt når du flyplassane, Ålesund lufthavn Vigra, og Ørsta og Volda lufthavn Hovden.
Eiksundtunnelen opna 23. februar 2008, og gjer det enkelt å pendle til Ørsta og Volda med høgskular og sjukehus.
Til jugendbyen Ålesund tek det berre 35 minutt med bil og hurtigbåt.