Aktivitetar
Naturen i Ulstein byd inn til mange ulike aktivitetar. Året rundt kan den nyttast til rekreasjon. Fiske på havet eller i eit av fjellvatna, segle i frisk vind eller ro ein tur ein fin sommarkveld, - gå lange turar i fine fjellområde - eller leite etter spennande stein i ei vegskråning.
Samla er landskapet eit fantastisk eldorado for store og små "oppdagelsesreisande". Naturen vekslar mellom fine fjellområde og spennande skjergard med holmar, lune vikar og kvite sandstrender mot storhavet. Same kva aktivitet du vel, så er fotomotiva der. Seinare kan minna om aktivitetane verte til hyggeleg "innekos" på grå uversdagar.