Fiske i ferskvatn og elvar

Fleire av fjellvatna våre inneheld mykje småfisk, og i nokre av dei er det er ønskjeleg at der vert fiska meir enn i dag.
Reglar for ferskvassfiske på Hareidlandet:
Det er ikkje felles reglar for ferskvassfiske.
I fleire av vatna på øya er det framleis gratis å fiske med stang, medan det andre stadar vert krevd fiskekort.
Fiske med garn er ikkje lovleg for andre enn grunneigarar.
Mindreårige (under 16 år) kan fiske gratis etter innlandsfisk i perioden 1.1 til 20.8. Dette gjeld ikkje vassdrag med laks, sjøaure eller sjørøye.
For fiske av blankfisk i elvar (aktuelt for
Ulsteinelva, Hareidselva) vert det krevd
statleg fisketrygdavgift. Slik avgift kan betalast på Posten i Ulstein eller Hareid.
I tillegg krev grunneigarane fiskekort for nokre av vatna og elvane:
Her krevst det fiskekort:
Mosvatnet - drikkevatn, difor muleg å kjøpe fiskekort berre for innbyggjarar i Ulstein kommune
Ulsteinelva
Snipsøyrvatnet
Grimstadvatnet
Hareidselva
Kaldholelva
Her er det ikkje lov å fiske:
Hammarstøylvatnet
Fiske i Fjellsvatnet berre etter avtale med grunneigar.
Her får du kjøpt fiskekort:
For fiske i
Mosvatnet - G-sport Hofseth i Ulstein tlf 454 75 100
For fiske i
Ulsteinelva - Kjetil Ulstein - tlf 70 01 12 81
For fiske i
Grimstadvatnet, Kaldholelva og Hareidselva - Mix på Hareid tlf 70 09 29 88
For fiske i
Snipsøyrvatnet hos Mix på Hareid tlf 70 09 29 88
og hos desse grunneigarane:
Rune Holstad - tlf 70 09 38 73 - Hovden
Arve Dimmen - tlf 95 19 05 95 - Mork
Dag Snipsøyr - tlf 70 09 28 17 - Snipsøyr
Norvald Røyset - tlf 70 09 34 03 - Røyset
Sigmund Røyset - tlf 70 09 32 90 - Indre Røyset
Prisar for fiske i Snipsøyrvatnet: lenke til heimeside
Årskort kr 250,-
Vekeskort kr 100,-
Døgnkort kr 50,-
Prisar for fiske i Mosvatnet:
Årskort kr 300,-
Døgnkort kr 150,-