Servicetorg med turistinformasjon
Her gir vi råd og rettleiing. Har du spørsmål vi ikkje kan svare på, hjelper vi deg vidare til rett person. Hos oss får du kjøpe billettar til kino og kulturarrangement i Ulstein. Vi har kjennskap til overnattingsstadar, aktivitetar og attraksjonar i nærområda våre. Her finn du også stort utval av brosjyremateriell frå ulike reisemål rundt om i landet og informasjon om korleis du kan kome deg dit.
I butikken vår kan du kjøpe t-skjorter, lokale turkart, kort, bøker, plakatar og lokale souvenirar. I tillegg til norsk, kan vi kontaktast på tysk, engelsk og bulgarsk.
Vi lovar god service enten du treng hjelp med å finne ei ledig tomt i kommunen eller berre treng overnatting for ei natt! Velkomen hit!
Opningstid: Mandag til fredag kl 08.00 - 16.00
Telefon - 00 47 70 01 75 00
E-post: postmottak@ulstein.kommune.no
E-post til turistinformasjonen: turistinformasjon@ulstein.kommune.no
www.ulstein.kommune.no
Telefaks - 00 47 70 01 75 11
Besøksadresse: Sjøgata 63 Ulsteinvik
Postadresse: Postmottak Ulstein kommune Postboks 143 6067 Ulsteinvik
|
|
|
|