Ulstein kommune, vakker natur
| Landarealet i Ulstein kommune er nær 97km2. Landskapet er forma av hav og is til eit utprega strandflatelandskap med flate låglandsbremmar, langgrunne strender og bratte fjellsider opp mot fjellplatå på 3-500 moh. Høgst er Blåtinden med 697 moh. |

|
| Bølgjene sine mektige krefter har forma ut det dramatiske landskapet på den stupbratte utsida av øya, og dei mjuke svabergsskulpturane langs lågare havstrender. På sørvestsida av Hareidlandet er eit idyllisk fjordssystem med fine naturhamner og gode fiskeplassar. Beitedrift har skap eit hei-dominert kulturlandskap, men tyrirøter og stokkar i torvmyrane er vitnemål om tidlegare skogar heilt ut mot storhavet. |
| Levande restar av kystfuruskogen finst på Eika. Spennvidde og variasjon pregar kommunen både i naturtypar og plante- og dyreliv. Plantelista for Ulstein kommune omfattar mellom 600 og 700 ulike karplantar, alt frå varmekjære, til karrige plantar som klorar seg fast på verslitne fjelltoppar eller ytst mot ei saltpiska havstrand. |

|
 |
Lista over fugleartar omfattar 226 ulike artar, med 123 artar påvist hekkande, frå reine havfuglar via kravfulle, sørlege artar til utprega fjellfuglar som er avhengige av steinørken i alpint terreng. Pattedyrartane er naturleg nok ikkje like talrike, men hjort, hare, oter og mink er godt representerte. Kobb og mange kvalartar høyrer også til i vår natur. Ein kan sjå nesten alle dei norske kvalartane utanfor kysten. |
|
|
|
|