100 år gamle foto frå Ulstein
Under "snarvegar" på hovudsida her har vi lagt ut lenke til Fylkesfotoarkivet i Møre og Romsdal. Ved å søke etter bilde og gå til Ulstein kommune på denne sida, finn du 695 foto frå om lag 1900 og fram til slutten av 1950-talet.
Her kan du kanskje finne eldre slektningar eller sjå korleis bygdene såg ut for 100 år sidan. Også for innflyttarar kan det vere interessant å studere lokal byggestil, kle og interiør frå ei anna tid.
Du kan også kjøpe foto via Fylkesfotoarkivet si webside.