Gå til hovedinnhold
Hovudside > Skip Navigation LinksTenesteområde > Turisme og reiseliv Gå til hovedinnhold
Temaelement 

Bandtvang for hund i Ulstein kommune

Lov om hundehald § 6 seier at:
I tida frå og med 1. april til og med 20. august skal ein hund haldast i band eller forsvarleg innegjerda eller innestengt, slik at den ikkje kan jage eller skade storfe, sau, geit, fjærfe, rein, hest eller vilt, herunder viltets egg, reir og bo.

Ulstein kommunestyre godkjende i november 2009 ei lokal forskrift om utvida bandtvang til også å gjelde i den tida og i dei område der husdyr beitar. Går du med hunden din i eit område der det til dømes beitar sau, må du i Ulstein halde hunden i band sjølv om det er utanom den nasjonale tida for bandtvang.

Lov om hundehald
Lokal forskrift - Vedtak i Ulstein kommunestyre 18.10.09:
  1. Alle som eig eller sit inne med hund i Ulstein kommune, skal halde hunden i band eller forsvarleg innestengd eller innegjerd i den tid og i dei område bufe beiter.
  2. Brot på denne forskrifta er straffbar.
  3. Denne forskrifta tek til å gjelde straks.
  4. For bandtvang for hund generelt vert det synt til hundelova sin § 6 og for lovfesta unnatak for bandtvang vert det synt til same lov sin § 9.



Tema - info 
Marit Aarsheim Steinnes 16.10.2012 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
Tema - rediger