Kommunale avgifter
Eigedomsgebyr
Som eigar av ein eigedom med hus på, kan det vere aktuelt å betale gebyr for vatn, avlaup, feiing og renovasjon.
Har du vass- og avlaupsløysing levert av kommunen, må du betale for desse tenestene.
Det same gjeld om du har hus med pipe på eigedomen din.
RenovasjonUlstein kommune er med i eit interkommunalt selskap som samarbeider om renovasjonstenestene.
Renovasjonsavgifta vert krevd inn av Søre Sunnmøre reinhaldsverk og er delt i ein fast del, og ein del der du betalar for restavfall etter vekt.
Du finn meir om SSR i høgremargen.
Kva betalar du i eigedomsgebyr i Ulstein kommune pr år?
Gebyret vert rekna ut for kvar husstand og varierar m.a. med størrelse på bustaden og mengde restavfall som vert levert. Betalinga for vatn vil også variere sidan nokre husstandar har vassmålar og andre ikkje.
Gebyret for vatn og avløp vil vere mellom kr. 3700,- og kr. 5100,- etter størrelsen på bustaden.
For ein husstand med ei gjennomsnittleg mengde restavfall, vil
samla renovasjonsgebyr for 2009 vere omlag kr. 3000,-.
Meir informasjon om eigedomsgebyr finn du i høgremargen.
Barnehage, SFO og Kulturskulen
I høgremenyen finn du informasjon om kva desse tenestene kostar i Ulstein kommune.