Gå til hovedinnhold
Hovudside > Skip Navigation LinksNyheiter på framsida Gå til hovedinnhold
View Part 

VAMP og Eivør Pàlsdòttir med konsert i Ulsteinvik

¤EPII_TITLE¤ 28. november er VAMP tilbake i Ulstein med ny konsert. Sist VAMP besøkte området vårt heldt dei ein lydleg utekonsert på Flø, og eit stort og entusiastisk publikum fylte Fløstranda - og til dels - havområda utanfor!

Denne gongen vert konserten i Sjøborg kulturhus og dei har med seg Eivør Pàlsdòttir på vokal. Eivør Pàlsdòttir er frå Færøyane og er både vokalist og komponist. Hennar særeigne stemme og stil gjer at mange har omtalt henne som Den færøyske Bjørk.

Les meir om konserten på
www.sjoborg.no
Billettane er lagt ut for sal, og kan kjøpast ved Servicetorget i Ulstein rådhus, i kinokiosken og på www.sjoborg.no

Ved Servicetorget er det også høve til å reservere billettar. Kontakt oss på tlf 70 01 75 00, eller stikk gjerne innom oss ein tur!

Info 
Asbjørg Garshol 22.06.2012 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
iconrediger