Gå til hovedinnhold
Hovudside > Skip Navigation LinksNyheiter på framsida Gå til hovedinnhold
View Part 

Nyårsopning på Bell

¤EPII_TITLE¤ Biljard er ein populær aktivitet på Bell. Under opningskvelden fredag blir det biljardturnering med premie til vinnaren.

Ungdomsklubben i Ulsteinvik startar det nye året med diskotek og biljardturnering fredag .
Etter juleferie er tilsette og ungdomscrew ved Bell ungdomsklubb klare for eit nytt år med nye opplevingar.

Opningskvelden har vi diskotek med limbokonkurranse og biljardturnering. Vi håper å treffe både gamle kjende og nye gjestar, seier ungdomsarbeidar Marie Flatin i Ulstein.
Ho ber om innspel på kva aktivitetar og arrangement ungdommane ønskjer i tida framover.
Søkjer fleire i crewet
Vi har også ledige plassar i det frivillige ungdomscrewet. Dei som har lyst å vere med og gjere ein skilnad kan ta kontakt med meg på ungdomsklubben eller på facebook, held Flatin fram.

Medlemmar i ungdomscrewet har vakter på Bell der dei mellom anna hjelper til i kiosken, med lydanlegget og ved aktivitetar.
Om vi er mange som engasjerer oss så er det mykje vi kan få til!


Bell - foto Marie Flatin
Crewet ved Bell ungdomsklubb ønskjer velkomen til eit nytt år og nye mulegheiter for kjekke ungdomsaktivitetar.
Info 
Marit Aarsheim Steinnes 04.01.2012 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
iconrediger