"Open dag" på brannstasjonen laurdag

Ulstein brannvern ønskjer velkomen til open dag på Brannstasjonen laurdag 24. september. Frå klokka 11.00 til 14.00 er det lagt opp til familieaktivitetar med konkurransar.
Her får born og vaksne opplæring i korleis dei kan sikre heimen mot brann. Borna får utdelt tøffe brannverncapsar og får prøve korleis det er å "køyre" brannbilen.
"Open dag" vert arrangert over heile landet. I vårt distrikt er det Ulstein brannvesen, Elsikkerhet Møre og lokalkontoret til If Skadeforsikring som står for gjennomføringa av arrangementet.
Ulstein brannstasjon ligg ved Shellstasjonen i Ulsteinvik.