Gå til hovedinnhold
Hovudside > Skip Navigation LinksNyheiter på framsida Gå til hovedinnhold
View Part 

Biljardturnering og quis på Bell

¤EPII_TITLE¤ I kveld må alle unge som har høve til det ta turen til Bell ungdomsklubb. Christoffer Masters fortel at dette skal verte ein kjekk og aktiv kveld med biljardturnering og quis, og med flotte premiar.

Spørsmåla til quiskonkurransen er det Christoffer Masters som har laga.
-Det blir ei lett blanding, og vinnarlaget får kinobillettar sponsa av Sjøborg kino ved kinosjef Kristine Brungot, fortel Christoffer.

Glade for støtte

Vinnaren av biljardturneringa går heller ikkje tomhendt heim. Han eller ho får to bowlingrunder sponsa av Ulstein Bowling ved Roy Stornes.
Ungdomsarbeidar Marie Flatin takkar for premiane: - Ungdomsklubben har ikkje budsjett til å kunne by på premiar og difor er vi så glade for dei som vil støtte oss, kommenterer ho.

Foto- og filmkonkurranse

Ungdomsarbeidaren vil også minne om foto/filmkonkurransen som organisasjonen Ungdom og Fritid arrangerer. (Sjekk ut hending som Bell Ungdomsklubb har laga på facebook)
Tema for konkurransen er toleranse og ein må sende inn bidrag innan 21.oktober. Vinnaren sin ungdomsklubb får totalt 10.000 kroner til bruk på foto- og filmutstyr.
- Om vi får ein vinnar frå Bell kan det gi ein god start for vår eigen foto- og filmklubb. Uansett har vi eit mål om å starte opp slik type aktivitet dette skuleåret, seier ungdomsarbeidaren, som ser for seg ein workshop og deretter månadlege konkurransar der bidraga kan visast fram som utstillingar på ungdomsklubben.

-Kom med forslag

Før Christoffer Masters starta som lærling ved ungdomsklubben var han spent.
-Så langt trivs eg kjempegodt. Det er fritt her, og eg er ikkje redd for å komme med idéar, seier han.
Saman med ungdomsarbeidaren har han fleire forslag til aktivitetar på blokka. Dei jobbar også med å få til samarbeid med andre.
-Vi vil også oppmode ungdommane om å komme med forslag på aktivitetar, arrangement og kva dei meiner skal til for å gjere ungdomsklubben til ein kjekk stad å vere, avsluttar dei.

Bildetekst: Lærling Christoffer Masters trivs så langt godt i jobben ved Bell Ungdomsklubb. Han oppmodar ungdom om å komme med forslag på aktivitetar og arrangement. (Foto: Marie Flatin)

Info 
Asbjørg Garshol 02.09.2011 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
iconrediger