Gå til hovedinnhold
Hovudside > Skip Navigation LinksNyheiter på framsida Gå til hovedinnhold
View Part 

Ugle med "haudeverk" etter besøk på hotellet

¤EPII_TITLE¤ Tirsdag fekk Servicetorget eit litt uvanleg spørsmål. Ei stor ugle hadde prøvd å kome seg inn på hotellet og låg no utanfor eit vindauge utan å røre seg. Denne type gjest var ikkje personalet på hotellet så fortrulege med, så dei lurte på om vi kunne hjelpe dei.
Vi lovde å ta oss av saka og melde frå til Alv Ottar om at her var det behov for øyeblikkeleg hjelp. Alv Ottar rykte ut og kom tilbake med ei nydeleg og merkeleg avslappa ugle. Ho fekk diagnosa hjernerystelse, og etter å ha halde til på rådhuset ut arbeidsdagen, er ugla no på rekreasjon heime hos Alv Ottar. Det ser ut til at ho har kome godt ifrå uhellet, kanskje vert ho sleppt fri allereie i kveld.

På bildet ser du Kari Mette Sundgot med ugla.
Info 
Marit Aarsheim Steinnes 11.11.2010 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
iconrediger