Gå til hovedinnhold
Hovudside > Skip Navigation LinksNyheiter på framsida Gå til hovedinnhold
View Part 

Vulkanoske og kommunal beredskap

Fylkesmannen har sendt brev til kommunane med melding om at dei følgjer situasjonen nøye. Så langt er det lamminga av luftambulansetenesta og redningshelikoptera som er den største utfordringa. Andre helsemessige og samfunnsmessige konsekvensar er førebels moderate, men det må takast høgde for at dette kan endre seg dersom oskeskya vedvarer.

Når det gjeld utfordringane innanfor akuttmedisinsk luftransport og annan pasienttransport luftvegen, har helseføretaka i fylket forsikra fylkesmannen om at det er iverksett tiltak for å auke både kapasiteten og kvaliteten til bil- og båtambulansar. For kommunane og kommunehelsetenesta er det først og fremst viktig å vere klar over situasjonen. Problemstillingar som dukkar opp, både akutte og meir "strategiske" må takast opp med AMK. Så langt har det ikkje vore grunn til bekymring for andre helsemessige konsekvensar som ei følgje av vulkanoske som når bakkenivå.

For oppdatert informasjon vert det vist til:

Folkehelseinstituttet sin nettstad (www.fhi.no, helsemessige konsekvensar)

Mattilsynet sin nettstad ( www.mattilsynet.no, konsekvensar for drikkevatn næringsmiddel og dyr)

Andre samfunnsmessige konsekvensar vurderer fylkesmannen førebels som udramatiske og ikkje vesentleg annleis enn i dei tilfella flytrafikken blir stoppa som ei følgje av meir ordinære vêrfenomen eller arbeidskonfliktar. Om situasjonen vedvarer vil imidlertid dette kunne endre seg, og fylkesmannen ber difor kommunane om kontinuerleg å vurdere situasjonen, og kanskje særleg vere merksam på eigne innbyggjarar som får problem som ei følgje av at dei blir ståande landtroll ein eller annan stad ute i verda. I slike tilfelle kan det oppstå problem både der dei er og på "heimebane" - der dei skulle vore.

Fylkesmannen ser det førebels ikkje som nødvendig å be om rapportar frå kommunane. Rapportering kan imidlertid bli iverksett dersom situasjonen vedvarer eller dersom nasjonale styresmakter ber om konkrete opplysningar om kommunane si handtering av situasjonen. Telefonmøte etter "pandemimodellen" kan også verte aktuelt.

Info 
Asbjørg Garshol 17.04.2010 Tips ein venn om denne sia Tips ein venn Registrer ei elektronisk tilbakemelding Tilbakemelding Skriv ut denne sida Skriv ut
iconrediger