Publikum kan no bruke SMS for å kontakte legekontoret
Slik kan du bruke SMS (tekstmelding) når du bestiller time ved Ulstein legekontor:
Start meldinga med kodeord ULSTEIN, deretter namn, fødselsdato og kva det gjeld. Send til 2097.
Eksempel: ULSTEIN Ole Olsen f.22.02.27 ynskjer time neste veke. Send til 2097
Du kan også bruke SMS når du skal forandre timeavtale, bestille resept eller sende ei kort beskjed til legen. Framgongsmåten er den same. Hugs alltid å ta med namn og fødselsdato før du skriv kva det gjeld.