Tips til markering av kvinnedagen 2010
Kystkvinnene er sett på som sterke og sjølstendige, likevel scorar fylket vårt svært dårleg på likestillingbarometeret. Kva har hendt? Kva kan gjerast?
I brev frå likestillingsutvalet i Møre og Romsdal vert kommunane bedne om å nytte kvinnedagen til å fokusere på likestilling. Fridom og like mulegheiter for kvinner uten å ta omsyn til alder, etnisitet eller funksjonsgrad kan vere med å gi kommunane og fylket eit betre omdøme. Skal vi klare å få unge kvinner til å bli eller flytte heim til fylket vårt, må vi ta oppgåva med likestilling på alvor, seier leiar for likestillingsutvalet Reidun Klock Tjervåg.
I brevet finn vi idéar til aktivitetar for alle dei som ynskjer å markere kvinnedagen 2010.
Brevet frå likestillingsutvalet finn du i høgremargen.