Parafinvoksbad mot ledd- og muskelsmerter

All ære til omsorgsetaten for å ha kjøpt inn dette, seier Jan Inge Sandvik t.v. på biletet. I midten ser vi ergoterapeut Mariette Gjerde og t.h. Håkon Sævik.
Både Sandvik og Sævik er fulle av lovord, og seier dei har fått ein ny kvardag etter at dei byrja å gå til behandling hjå Mariette.
Etter å ha dyppa hendene i parafinvoks blir dei mjuke og bevegelege, i tillegg til at dei får mindre smerter. Finmotorikken kjem tilbake - ja dei får til og med "pinsettgrep".
Mariette Gjerde seier at behandlinga er god for alle med revmatiske plager og for slagramma menneske.
Den hjelper også mot ødem (vannsamling), stive ledd og musklar.
Ulstein kommune er den første på Søre Sunnmøre som har gått til innkjøp og oppstart av denne behandlingsmetoden.
Ergoterapeut Mariette Gjerde har planar om å starte behandling og trening i grupper ein gong i veka. Pris kr.50 pr.behandling.
Etterpå vert det høve til kaffi og sosialt samvær i kafeen på Alvehaugen.
Interesserte kan ta kontakt på mail eller telefon til ergoterapeuten eller sentralbordet ved omsorgsetaten;
mariette.gjerde@ulstein.kommune.no mob. 98 23 06 41 eller
vegar.fjortoft@ulstein.kommune.no tlf. 70017800