Førehandssal av billettar på kino

No kan du sikre deg billett på filmen Sex and The City, Mamma Mia!, Kung Fu Panda, What Happens In Vegas eller The Incredible Hulk som blir vist på Sjøborg kino i løpet av juli. Vanlegvis opnar billettsalet på nett fem dagar før filmforestillinga, men ved større filmar vert billettane gjerne lagt ut litt tidlegare.
Det er nok mange som ventar på filmen Sex and The City, som har premiere på Sjøborg kino fredag 11. juli. Sex and The City gjekk dessverre ut med berre 40 kopiar, og det var dermed berre dei aller største kinoane som fekk norgespremiere på denne. Det vert difor også ei "ekstraframsyning" av Sex and The City i slutten av august.
I juli har Sjøborg to norgespremierer. Først ute er sommarens store gledesspreiar Mamma Mia! som har norgespremiere torsdag 10. juli, - og dette er verkeleg ein film å gle seg til! Fredag 18. juli er det premiere på den fantastiske animasjonsfilmen Kung Fu Panda - ein morosam og spennande film for heile familien!
I veke 31 og 32 vert Sjøborg kino feriestengt. Kinoen opnar igjen onsdag 13.august, og kan då by på mange nye og spennande titlar på kinoplakaten, mellom anna Legenden om Narnia - Prins Caspian og The Dark Knight (Batman).
Filmomtalar og billettar finn du på
www.sjoborg.no. Du kan også kjøpe eller reservere billettar i Servicetorget ved Ulstein rådhus (utvida opningstid fram til 20. august: måndag-fredag 8-18, torsdag 8-19 og laurdag 10-14, telefon 70 01 75 00) eller i Kinokiosken (ope 45 minutt før kvar forestilling).