NAV
NAV Ulstein vart etablert 17. september 2007, og er eit av dei første NAV-kontora i Møre og Romsdal. NAV står for Ny arbeids- og velferdsforvaltning og inneber at brukarane av arbeids- og velferdstenester kan forhalde seg til eitt kontor i kommunen. NAV skal bidra til brei deltaking i arbeid og samfunn og til økonomisk tryggleik for den einskilde. For å få dette til må vi ha eit nært samspel med brukaren, arbeidslivet og kommunen. NAV skal ha ekstra fokus på menneske med spesielle behov i høve til arbeidsmarknaden og alle andre som har ein utfordrande livssituasjon. Gjennom samanslåinga av trygdekontoret, sosialtenesta og arbeidsmarknadsetaten kan NAV bruke heile tenestespekteret til dei gamle etatane og sjå verkemidla i samanheng mot den einskilde brukar.
Hovedmåla for NAV er:
- Fleire i arbeid og aktivitet, færre på stønad
- Ein velfungerande arbeidsmarknad
- Rett teneste og stønad til rett tid
- God service tilpassa brukaren sine mulegheiter og behov
- Ei heilheitleg og effektiv arbeids- og velferdsforvaltning
NAV Ulstein kan tilby desse tenestene:
- Råd og rettleiing om sosialtenester, arbeidsmarknadstenester, trygdeytingar og pensjon
- Kompetansekartlegging, arbeidsevnevurdering, rettleiing og oppfylgjing av arbeidssøkjarar
- Oppfylgjing av og bistand til sjukmelde arbeidstakarar
- Råd og rettleiing til arbeidsgjevarar vedkomande rekruttering og arbeidsformidling
- Rettleiing og hjelp til å fylle ut søknadsskjema
- Råd og rettleiing ved økonomisk sosialhjelp og gjeldsrådgjeving
- Bustønad, transportstønad (TT-kort) og parkeringsbevis for rørslehemma
- Støttekontakt, besøksheim og avlastningstiltak
- Edruskapsvern og ambulerande miljøterapiteneste
- Utekontakt og ungdomsteam
På våre nettsider www.nav.no kan du:
- Logge deg inn på Din side
- Finne ledige jobbar
- Registrere deg som arbeidssøkjar
- Sende elektronisk meldekort
- Finne din fastlege
- Bestille europeisk helsetrygdekort
- Bestille pensjonsberekning
- Finne lover og reglar
Leiar: Anne Karin Urke Osnes
E-post Anne.Karin.Osnes@nav.no
Vår besøksadresse er: Sjøgt. 5
Postadresse: NAV Ulstein, postboks 113, 6067 Ulsteinvik
Tlf: 70 32 10 00
E-post: nav.ulstein@nav.no
Internett: www.nav.no
Opningstider:
Mandag-fredag: kl 1000 - 1500
Telefontid: 1000 - 1500
Velkomen til NAV Ulstein!